når du ikkje er her
går hjarta mitt opp
vindar seg sakte
til eit garnnyste
og djevelen tek det
glisande
vår elsk
i eit garnnyste
han gjev det aldri att
så når du kjem att
då må me elska meir