current location : Lyricf.com
/
Songs
/
Í tokuni [Into the Mist] [Norwegian translation]
Í tokuni [Into the Mist] [Norwegian translation]
turnover time:2024-11-25 01:57:44
Í tokuni [Into the Mist] [Norwegian translation]

gåande i tåka

einsleg i djupe tagnaden

ser ingen vardar

borte er alle gardar

roper men ingen svarar

inn imellom gloppene

i mørkkledde natta

sansar eg skuggar

tykkest som noko der rører seg

roper men ingen svarar meg

ven, ven, ser du meg?

gåande her i tåka

hev du reke liksom eg

i dauddjupe tagnaden?

såg du gatelysa

lysa i bygda?

såg du kva dei gjorde der?

minnest du korleis stoda var?

leitte nokon etter meg?

ven, ven, ser du meg?

gåande her i tåka

hev du reke liksom eg

i daudedjupe tagnaden?

hev du liksom eg

gått i tåka

bort frå stien

ytst på fjellsida?

kjenner du denne einsemda?

ven, ven, skjøner du meg?

veit du om nokon løynd veg?

hev du reke liksom eg

i endelause uvissa?

ven, ven, skjøner du meg?

veit du ingen løynd veg om?

hev du reke liksom eg

i endelause tåka?

Comments
Welcome to Lyricf comments! Please keep conversations courteous and on-topic. To fosterproductive and respectful conversations, you may see comments from our Community Managers.
Sign up to post
Sort by
Show More Comments
Eivør
  • country:Faroe Islands
  • Languages:English, Faroese, Danish, Icelandic, Swedish
  • Genre:Alternative, Folk, Pop, Rock
  • Official site:http://eivor.com/
  • Wiki:https://en.wikipedia.org/wiki/Eivør_Pálsdóttir
Eivør
Latest update
Copyright 2023-2024 - www.lyricf.com All Rights Reserved