current location : Lyricf.com
/
Songs
/
Í tokuni [Into the Mist] [Norwegian translation]
Í tokuni [Into the Mist] [Norwegian translation]
turnover time:2025-04-20 21:03:24
Í tokuni [Into the Mist] [Norwegian translation]

Gåande i tåka

Einsleg i djupe togna

Ser ingen vardar

Borte er alle gardar

Ropar men ingen svarar

Inn imellom gloppene

I mørkkledde natta

Sansar eg skuggar

Tykkest som noko der rører seg

Ropar men ingen svarar meg

Ven, ven, ser du meg?

Gåande her i tåka

Hev du reke liksom eg

i den daudsdjupe togna?

Såg du gatelysa

lysa i bygda?

Såg du kva dei gjorde der?

minnest du korleis stoda var?

leitte nokon etter meg?

Ven, ven, ser du meg?

Gåande her i tåka

Hev du reke liksom eg

i den daudsdjupe togna?

Hev du liksom eg

Gått i tåka

Bort frå stien

Ytst på fjellsida?

Kjenner du denne einsemda?

Ven, ven, skjøner du meg?

Veit du om nokon løynd veg?

Hev du reke liksom eg

i den endelause uvissa?

Ven, ven, skjøner du meg?

Veit du ingen løynd veg om?

Hev du reke liksom eg

i den endelause tåka?

Comments
Welcome to Lyricf comments! Please keep conversations courteous and on-topic. To fosterproductive and respectful conversations, you may see comments from our Community Managers.
Sign up to post
Sort by
Show More Comments
Eivør
  • country:Faroe Islands
  • Languages:English, Faroese, Danish, Icelandic, Swedish
  • Genre:Alternative, Folk, Pop, Rock
  • Official site:http://eivor.com/
  • Wiki:https://en.wikipedia.org/wiki/Eivør_Pálsdóttir
Eivør
Latest update
Copyright 2023-2025 - www.lyricf.com All Rights Reserved