Markje grønas, snojen bråna,
fjell bli bart og lauvet sprett.
Murinykjen står 'ti dalom,
kue e fe eta mett.
Alt som leva byrkje kreke,
bjønnen kjem tå hie fram.
Utfor fjøse spring fornøgde
ku og kalv og sau og lam.
Komme fæna, kom me følgje
kom Gulldrople, kom Spelin.
Kyra kalve, døk i føre
vil 'ti sæterkvee inn.
Utan fare ska oss leva,
busvein hell oss fri for bjønn.
Kva han inkje honom frykta,
frykta han budeias hønn.
Feite grase ska døk eta,
drikke klåre kjella te.
Kvar ein dag skal gjestbod vera,
mat ska nå åt døkre kne.
Døk for vinters frost og kelle,
svelt og hunger, rett ska få.
Ingor hulder bære kryttur
hell som døk ska si a hå.
Oss ha gjort kva gjeras skulle,
ysta ost og kjinna smør.
Nå stå att å kløvja øykjom,
setja lås for seterdør.
Korkje fins de' meire føe
her for heidning hell for krist.
Gla æ oss, oss dra åt bygden,
meire gla e kue vist.
Farvel kve som oftast gjore
blautast blomsterseng 'pum me.
Når e trøtt ve høgdagsløyte
løp og slengde me på de'.
Farvel sæl, mi kjære stugu
som så mangt mitt arbeid såg.
Montru du og merkte nogå
når guten hjå meg låg.
Farvel mork som fænan gnaga,
der e gjette mang ein gång.
Farvel skog som oftast joma
tå min lur og stutt og sång.
Farvel hulder som der budde,
fløt nå du 'ti sæle inn,
Vintersti' æ ilt å liggje ute
bå for vær og vind.
Kom nå alt 'ti sætre finnas,
kom å følg åt bygden ne'.
Heile jore æ nå røjugt
kvart eit strå høyr fænan te
Skona døk, folkje vente heime.
Bufærslefsa vil døm ha.
Her æ inkje meire gjera.
Folk og fæna, læt oss dra!