Fe valdar frendar strid; ulv føder seg i skogen
"Runer mun du finna og stavar tyda
mykje store stavar, mykje stinne stavar
som fimbul-tul farga
og høge makter maksla
og Ragna-Ropt skar"
Slagg kjem av ille jarn; ofte løper rein på snøhella
Tuss valdar kvinna kvide; sæl vert få av liding
Os er fleste ferders veg; men slira er sverdas
"...tok eg opp runer,
gaulande greip..."
Riding seiest vera verst for hestar; Regin1 slo det beste sverdet
Svoll er bornas bane; døden gjer menn folna
Hagl er dei kaldaste korna; Herjan2 skapte allheimen i tider forne
Naud gjev deg magre kår; nakne frys i fronsten
Is kallast brei bru; blinde tarv å leiast
År er gudegåver; eg seier at raus var Frode
Sol er landas ljos; eg knelar føre heilag dom
Tyr er einhendt Ås; ofte lyt smeden blåsa
Bjørka er grønast med lauv på lem; Loke fann hell i svik
Mann er av mold auka; mykjen er grepet åt hauken
"...tok eg opp runer,
gaulande greip..."
Vatn som fell or fjellet er foss; men gull er gjæv pryd
Barlind er om vetrar grønast; kan brennast, men er stri å svi av
1. ein dverg og smed2. aukenamn for Odin