current location : Lyricf.com
/
Songs
/
Norwegian Folk - Den bakvendte visa [Bakvende Visa]
Norwegian Folk - Den bakvendte visa [Bakvende Visa]
turnover time:2024-11-02 10:35:28
Norwegian Folk - Den bakvendte visa [Bakvende Visa]

Eg beisla min støvel og sala mitt sverd,

so batt eg merra ved sida,

so reidde eg meg til kattemorsferd,

skulde standa den farlege strida.

Eg låg og eg datt, eg drøymde i natt,

eg totte den visa var bakvend ratt.

Og reven var raud og ikorn var snaud,

dæ var tvau dyr uti skogen,

der stod tvau ikorn og tamde ein bjørn:

dei ville vel hava−n fyr plogen.

Eg låg og eg datt, eg drømde i natt,

eg totte den visa var bakvend ratt.

Og laksen høgt upp i furutopp,

han braut små-lauvi av greinar,

og ikorn ned på havsens botn

skulde brjota opp store grå-steinar.

Eg låg og eg datt, eg drømde i natt,

eg totte den visa var bakvend ratt.

So kom der fram ein gamal blind mann,

skulde sjå, ko dæ leid no mæ tide−.

Og månen han gol og stjørnunne song,

og gauken han skein burt i lide−.

Eg låg og eg datt, eg drøymde i natt,

eg totte den visa var bakvend ratt.

Comments
Welcome to Lyricf comments! Please keep conversations courteous and on-topic. To fosterproductive and respectful conversations, you may see comments from our Community Managers.
Sign up to post
Sort by