Nærast er du når du er borte
Noko blir borte når du er nær
Dette kallar eg kjærleik
Eg veit ikkje kva det er
Før var kveldane fylde
Av susing frå vind og foss
No ligg ein bortgjøymd tone
Og dirrar imellom oss