Langt over tåkefjella kald
til grotte djup og storfelt hall
me fara må, før dagning grå
vårt gløymde gull, me finna skal.
Furuer ljoma i høge fjell
vinden mælte i seine kveld
den raude brann åt alt han fann
trea som faklar stod i eld.