Mo'eri tala til dotteri si
- ti, lill-lill, hugjen min -
kvi renne det mjølk ut or brøsto di
- dei leika så lett gjennom lunden -
Det nyttar kje lenger å dylja fyr deg
- ti, lill-lill, hugjen min -
elverkongen hev lokka meg
- dei leika så lett gjennom lunden -
Elverkongen kom seg riande i gård
- ti, lill-lill, hugjen min -
liti Kjersti ute fyr honom står
- dei leika så lett gjennom lunden -
Han klappa henne på kvite kinn
- ti, lill-lill, hugjen min -
kunna du kje dylja fyr mo'eren din
- dei leika så lett gjennom lunden -
Elverkongen ha seg ein gangare spak
- ti, lill-lill, hugjen min -
han lyfte liti Kjersti oppå hans bak
- dei leika så lett gjennom lunden -
Elverkongen tala til dotteri si
- ti, lill-lill, hugjen min -
du tappe i ei konne med vin
- dei leika så lett gjennom lunden -
Den fyste drykk ho konna drakk
- ti, lill-lill, hugjen min -
då gløymde ho bort kven henne ha skapt
- dei leika så lett gjennom lunden -
Korhen er du fødd og korhen er du boren
- ti, lill-lill, hugjen min -
og korhen er dine jomfruklede skoren
- dei leika så lett gjennom lunden -
I berget er eg fødd, i berget vil eg døy
- ti, lill-lill, hugjen min -
i berget vil eg vera elverkongens møy
- dei leika så lett gjennom lunden -