Av jenter er det så mange slag,
både lange og stutte.
Nokre er tunne som vidjugrein,
are er små og butte.
Trø fast i golv, la dansen gå
så dansar med då
så dansar me så lette.
Lynne er det no skilnad på,
nokre er så stille,
are er heite, kalde er få
sume er kåte og ville.
Dei stille fær så vart ikring
augo ned dei slær, -
vatnet stilt hev grunnen djup
det du sanne fær!
Akta deg for slike fenter,
dei vil alltid kjøre!
Før du rett har sansa deg
spreller du i snøret!
Då vert du tenar all din dag
for alle hennar lonar,
snurten er ho på alle slag
same kor du kjonar.
Dei heite er det mange av
elsk er dei huga på,
men når det lid, så brenn dei ut,
det du sanna fær.
Då er det slutt på draumane
att er berre slitet.
Unga skrik og kona gret, -
det gjeng mest på vitet.
Dei kalde trur dei er så vis'
den visdomen er arm.
Men alt skal ganga på ein strek
sjøl elskhugsleiken varm.
Kvar den kyss skal merkjast av
det vert lett for mange.
Endelaust gjeng dagane
nettene vert lange.
Dei kåte dansar lett på tå
med ope hjarterom,
som fivrell på ein sumardag
dei flyg frå blom til blom.
Men har dei ride stormen av
og driv for vær og vind,
så hald deg kald og akt deg vel
for smil og bleike kinn!