current location : Lyricf.com
/
Songs
/
I came to love you [Norwegian translation]
I came to love you [Norwegian translation]
turnover time:2025-01-09 00:35:46
I came to love you [Norwegian translation]

Når du er borte

prøver eg å tenkja på ting

som eg må,

men hendene skjelv,

for det er deg eg tenkjer på.

Når eg er åleine

tenkjer eg på alt som er

lygn eller verkeleg.

Og eg er redd for å falla

falla hardt utan deg.

Men så ser eg at du smiler.

Og brått er eg sterkare,

eg er kry.

Då mannar eg meg opp.

Og høyr, det er ein ting

eg må ropa ut i sky.

Du har hjarta mitt.

Denne gongen er det verkeleg,

Så eg kom for å elska deg,

og det skal eg gjera, stol på meg.

Og eg håpar

at inst inne

føler du som eg.

For eg kom for å elska deg,

og det skal eg gjera, stol på meg.

Når me er frå kvarandre

Går eg rundt

med namnet ditt i hjarta

Og eg drøymer utan stopp

dei venaste draumane om deg.

Eg ligg vaken når du ikkje er i senga mi.

For eg får deg ikkje ut av hovudet

og eg føler meg så dum.

Den dummaste utan deg.

Me så ser eg at du smiler

og fort og brått

så er eg glad, sterk og kry.

Då mannar eg meg opp.

Er det greitt at eg syng ut i sky?

Du har hjarta mitt.

Denne gongen er det verkeleg,

Så eg kom for å elska deg,

og det skal eg gjera, stol på meg.

Og eg håpar

at inst inne

føler du som eg.

For eg kom for å elska deg,

og det skal eg gjera, stol på meg.

Comments
Welcome to Lyricf comments! Please keep conversations courteous and on-topic. To fosterproductive and respectful conversations, you may see comments from our Community Managers.
Sign up to post
Sort by
Show More Comments
Alexander Rybak
  • country:Norway
  • Languages:English, Russian, Norwegian, Swedish+4 more, Belarusian, Spanish, French, German
  • Genre:Folk, Pop, Singer-songwriter
  • Official site:http://www.alexanderrybak.com
  • Wiki:https://en.wikipedia.org/wiki/Alexander_Rybak
Alexander Rybak
Latest update
Copyright 2023-2025 - www.lyricf.com All Rights Reserved