Hugen vil ønske å flyge i natt
kle seg i fjøre, ta vengene fatt
søke mot straumene, følga ein hang
finna ein sirkel, ein tesløre vang
blodet skal dunke te alvenes sang
Syng i meg, dans i meg, dra meg heilt inn
virvla meg om i eit månelyst spinn
la meg få gløyme, få drøyme, få døy
svinna i disen på alvenes øy
Hugen vil ønske å flyge i natt
eg ligge vaken forvilla og matt
Sveve i spenn mellom lyste og sans
søke eit ekko, ein mjuk resonans
sakne ein sirkel med alvenes dans.
Syng i meg, dans i meg, dra meg heilt inn
virvla meg om i eit månelyst spinn
la meg få gløyme, få drøyme, få døy
svinna i disen på alvenes øy
Syng i meg, dans i meg, dra meg heilt inn
virvla meg om i eit månelyst spinn
la meg få gløyme, få drøyme, få døy
svinna i disen på alvenes øy