God eftan du Gygramor,
som karar med nasen i elden,
Vil du låna meg hus i natt,
så seint om joleftas kvellen
Gjønne ska' du få hus hjå meg,
men steikje ska' eg dennom fellen,
Hot er nå du for farandes fant,
så seint om joleftas kvellen
Inkje er eg ein farandes fant,
og inkje vil eg de heite,
men eg er her i bergje komen
alt ette go’råi leite
Åh, er du i bergje komen inn
for å vera her dagane alle
så ska' eg reise meg upp i land
og bryllaupe våres å kalle
Så læste han upp den fysste dynn,
så læste han upp den andre;
læste han upp den tre'e dynn,
der satt ei jomfru fanga
Han sanka saman så mykje gull,
vel femtem hestetungar,
så tok han ut den stolte jomfru,
or bergje han ville seg skunde
Gygra skreik på Hemingjen,
dei høyrde henne femten milir:
"Eg tenkte kje du ville reise så snøgt,
eg toss inkje på deg tvile
Høyr du Hemingjen unge,
hot eg til deg talar:
Set du ned de unge viv,
gulle de må du hava."
De var Hemingjen unge
han vende sine augo i aust,
Der kjem upp den venaste jomfru
ho er deg til fullgod trøyst
Gygra seg mot aust munde snu
soli ho skein i augo,
då bleiv ho i flintestein
standande neri haugo