Eg heiter håvard hedde
Og er så ven ein kar.
No vil eg sta og gifta meg
Og ryddja meg ein gard. .
Eg bur upp under fjell, '
Og jenta hev eg lova.
Eg svik ho ikkje hell.
Eg heiter håvard hedde
Og bur upp under nut.
No vil eg sta og gifta meg
Eg vi`kje gange gut.
Eg har upp under fjell etc.
Garden han er liten,
Men skogen han er god.
Der heve eg två furor
Og dei skal stå I ro.
Eg bur upp under fjell etc.
Når borni dei vert mange
Og skuldi aukar pa.
Na høgg eg ned den eine
Den andre den lyt stå.
Eg bur upp under fjell etc.
Men når me verte gamle
Og kvar skal hava sitt.
Då høgg eg ned den andre
Og så vert skogen kvitt.
Eg bur upp under fjell etc.
Det var vel ikkje undrands
At håvard totte ondt.
Han reiste ifra lanjei
Den myrke haustenott.
Eg bur upp under fjell etc.
Han reiste ifra lanjei
Og då var jenta fest.
Men det var med ein annan
Det hev han trega mest.
Eg bur upp under fjell etc.