Då eg såg deg reka bort
i kurra,
mista eg meg sjølv inst
i togna.
Fast i mitt kjøt
er tråa,
fløkt i min hug
forventinga.
Gullspunne heile
mi døkke sjel,
glitrande åleine.
Om du att kjem heim,
sjå til meg.
Vidopen mi hjartedør,
ein plass til deg.
Fast i mitt kjøt
er tråa,
fløkt i min hug
forventinga.
Gullspunne heile
mi døkke sjel,
glitrande åleine.
Eg såg deg reka bort
i kurra,
mista meg sjølv inst
i togna.
Om du kjem'e att,
sjå til meg,
eg biar etter deg,
glitrande åleine.