Føydd i flammar i tida før tid
I muspellheimens gneistrande famm
Føydd til sjelas djupaste mørke
Før Audhumla urmor vakna
Når augo lyser av eit hat
Eldre enn gudar og menn
Då ser ein muspells ljos
Som ikkje mann kan temja
Den eldste kraft vil me aldri skjøna
Djupt ned i eldriket vil mann aldri rå
Sterkare enn daudens grep
Mektigare enn nomenes ljos
Klokare enn Fimbul-Tul
Meir svikfull enn Fårbautes son
Det som ein gong bar fram liv
Og gav oss vår Moder Jord
Skal venda attende i Surts flammar
Vår lekam skal brennast ved Ragnarok
Våre sjeler bindast i Frost og Eld