Endelaust med vonlause forventingar
som eit skjema du ikkje kan fylla ut
Ei endelaus liste vonbrot, synest synd i deg sjølv,
godkjent og stempla som forakt.
Kvar dag
ei rad mistak.
Mengdevis av halprøvde hugskot
som eit sundrive kjærleiksbrev
Eit livsverk stua vekk på lager, nedste hylla,
ulesne støvute mursteinsbøker.
Kvar dag
ei rad mistak.
Naudtvungen opnar du augo,
du visste aldri at eg elska deg - du var ein hatar.
Trottug, men likevel so tagal,
ropa i øydemarki - du hata.
- du hata.